Innovasjon og pasjon! – Men ikkje i litteraturen, takk!
24 Apr 2012 Kommenter innlegget
in ...meinar no eg! Merkelappar:innovasjon, triviallitteratur
I dag har eg vore på Forskningsrådets næringslivsdag 2012, som hadde temaet “Innovasjon og pasjon”. Med Det norske teatret som arena hadde dei lagt ned mykje arbeid i å lage eit profesjonelt show, det kan ikkje kallast anna; gjennomført design med avbilda og levande eld som grunnelement, to programleiarar som samtalte i beste Grand Prix-stil, til og med frå sidebalkongane over scena ved eit høve. Ulike profesjonelle talarer, frå Nærings- og handelsminister Trond Giske via framgångsrike gründerar til den svenske psykologen og standup-komikaren Per Naroskin, vektla alle kor viktig det er med pasjon, kreativitet, fagleg dugleik og hardt arbeid om ein skal skape noko nytt, noko som folk flest ikkje visste at dei trengte, men som dei vil lære seg å elske.
Men så – alas! – dukka det uventa opp ein litteraturvitar i programmet. Det var doktorgradsstipendiat Siv Gøril Brandtzæg, som kom høgt opp på resultatlista ved Forsker grad prix i forskningsformidling i fjor. Ho har forska på korleis skillet mellom triviallitteratur og såkalla seriøs litteratur oppstod. I eit særs underhaldande innlegg kunne ho fortelje at det på 1700-tallet skjedde ei demokratisering innan litteraturen: Fleire både skreiv og las bøker, og ikkje minst kom kvinnene på banen som aldri før. På denne tida vaks dei nye ideala om fritt val av ekteskapspartnar fram, basert på kjærleik, og barka saman med skikken der familiane ordna slike alliansar. Dette prega mange av dei nye bøkene; og formellitteraturen om gleder og farer i kjærleikslivet vaks fram: Mann og kvinne møtest, blir forelska, konflikt, løysning, giftemål. Bankande hjarter og – med tida – stadig fleire bankande lem. Sjølvsagt tok etablerte kritikarar sterk avstand frå denne typen litteratur. Dårleg språk, triviell handling. Men – sjokk over alle sjokk – folk ville lese det likevel! Fordi dette var problemstillingar som var viktige i deira eigne liv, ifølgje Brandtzæg. Då dei sjølvgode kritikarane oppdaga dette, reagerte dei med å innføre omgrepet triviallitteratur. Slikt skulle ein ikkje lese utan å få plett på sitt gode namn. Det har altså vist seg så effektivt at idag er det ingen som les slikt offentleg. Så langt er alt vel. Men kva er konklusjonen? Jau: Brantzæg endte med ei oppfordring: Ikkje ver flau, les den trivielle kjærleiksromanen din på bussen også!
Ja, no skal ikkje eg vere den som seier at folk skal skamme seg over sin litterære smak. Om dei vil bruke bussturen sin til å lese om hjarte som bankar i takt med stive lem, må dei gjerne det. Men resten av dagen vart eg sitjande å tenkje på kontrasten: Innovatørar og entreprenørar vart gjennomgåande samanlikna med toppidrettsutøverar. Ein må trene i årevis før ein blir verkeleg god i noko; ein må elske det ein driv med, og jobbe på og tru på sitt eige prosjekt sjølv i tider der alle rasjonelle menneske ville ha gjeve opp, og så vil ein, til slutt, skape noko nytt som verda vil lære seg å setje pris på. Men innan litteratur? Nei, der skal formellitteratur som er skrive på nokre veker vere like bra som Fjodor Dostojevskij og Virginia Woolf, fordi folk vil ha det. Ja, kvifor ikkje, om folket vil ha Grandiosa, kvifor skal vi tvinge på dei indrefilet og fersk asparges?
Brandtzæg problematiserte ikkje kvalitetskriterier for litteratur. Ho nemde ikkje kva god litteratur kan tilføre samfunnet. Ho sa ingenting om at skillet mellom høg- og lågkultur også fins innan tv, film, musikk eller mat. Berre at skiljet mellom trivial- og seriøs litteratur oppstod på 1700-talet, og at vi difor ikkje treng å bry oss om det? Det er kanskje berre meg, men eg blei nedslått av at det var slik litteraturen vart representert i eit forum som vektla nett dei eigenskapane som for meg er sentrale i skapinga av den beste litteraturen: Pasjon og innovasjon. Men vi lo godt, det skal ho ha.
Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske
22 Apr 2012 Kommenter innlegget
in fine dikt Merkelappar:fsl, russisk futurisme, zaum
For 10 euro, 55 svenske kroner og ein neve norsk myntar har eg blitt eigar av boka Tidens ingenkonge, Velimir Khlebnikovs dikt i utval, gjendikta til norsk av Mikael Nydahl og Gunnar Wærness.
Eg er nett heimkomen frå litteraturseminar i Stockholm, nærmare bestemt Nordiska seminariet og Forskarseminariet, begge i regi av Fria seminariet för litterær kritik (FSL). Det som er fint med FSL, er at folka der er glade i å danse, og at dei er idealistar heile gjengen. Etter ein lang kveld med diktopplesing og dans var eg glad og svett, og i ein pause las eg litt i denne diktsamlinga fordi ho låg lageleg til på eit bord. Eg slo rett opp på det merkelege diktet de finn nedanfor her, og vart fascinert og litt lattermild. Omsetjar og for høvet bokseljar Gunnar Wærness ville gi meg diktsamlinga gratis då eg sa at eg ikkje trudde eg hadde nok kontantar, men eg tømte lommeboka mi i handa hans og håpar det var så mange 20-kroningar der at prisen blei halvvegs anstendig, i alle fall.
Det er første gongen at dikt av den mest sentrale diktaren blant dei russiske futuristane er utgitt på norsk. Khlebnikov ville finne ein måte å rekne ut – bokstaveleg tala – kva som ville skje i framtida. Det vil nok ingen andre enn han sjølv påstå at han lukkast med, men vi kan vel seie at han skapte framtid i poesien. Han var med på å skape omgrepet zaum, “det transrasjonelle ordet”, som Wærness og Nydahl har omsett til hinsinn.
I kveld har eg lese dikt for ungane, dei likar også å leike med språket, og er det noko Khlebnikov kan lære dei, må det vere at alt går an, at språket er like tøyeleg som fantasien vår, om den framleis har noko sprett i seg. Les og elsk:
Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske,
har elsket til meg i elskheten, nedelsket meg,
de elskelige elsklendinger, de elskaktige elskbygdinger elsker jeg,
å gjenelske, med elskinner og elskører, elsker jeg,
elskens elskatt i elskheimen elsker jeg,
å overelske, å hinelske
å elskalere! å oppelske!
Å utilelske uelsken elsker jeg!
(Velimir Khlebnikov, 1907)
Kritisk mangfold
14 Mar 2012 Kommenter innlegget
in ...meinar no eg! Merkelappar:kritikk, kultureliten
Kritikere kan ha en tendens til å skrive for hverandre. Og det er ikke nødvendigvis noe galt med det, men vi trenger flere typer kritikk, og ulike typer kritikere.
Vi trenger eliter som skaper en kritisk diskurs på et teoretisk høyt nivå, som forsker ved universitetene og jakter på det nye, som har sterke meninger om hva slags litteratur vi trenger nå, og hva som er passé. Men all kritikk kan ikke være der. En elite som bare er interessert i hverandre, vil snart miste berettigelsen som samfunnsaktør. Formidling er også viktig for at litteraturen skal på påvirke samfunnet den blir skapt i. Kanskje må kritikere prøve ut nye måter å skrive om litteratur på, kanskje veksle mellom ulike sjangre, rettet mot ulike målgrupper? Mulighetene er mange, men å nå ut krever kunnskap om hva som fungerer på nett samt bevissthet om hvilken målgruppe man ønsker å nå.
Utdrag fra et innlegg jeg holdt i en paneldebatt om vilkåra for kritikk i Norden, under Kritikfestivalen i Malmø, 23. februar 2012. Les resten av innlegget på nettsiden til Norsk kritikerlag.
PS: På grunn av eit underleg nervøsitetsvirus kom dette innlegget ut av fingrane på bokmål. Eg må berre beklage! MRG
Hunds gråt
29 Feb 2012 Kommenter innlegget
in fine dikt Merkelappar:omsetjing
Forrige helg var eg i København og Malmö på kritikerfestival, og det var litt skummelt, men mest fint. Der møtte eg kritikarar og forfattarar frå Finland, og eg nytta sjølvsagt høvet til å flagge interessa mi for Gunnar Björling. Eg fekk vite at det skal vere eit seminar om omsetjing av Björlings dikt i Helsingfors til sommaren. Då fekk eg noko å tenkje på, for eg har jo tidlegare prøvd så smått på å omsetje Björling til nynorsk. Bokmål er enklare, men då er til gjengjeld skilnaden så liten at ein like godt kan la vere. Det er jo så vakkert med svensk. Medan eg tenkjer vidare, vil eg dele eit nytt favorittdikt på originalspråket, det er utan tittel:
Som en hund
i undergivenhet
ett huvud lagt i mänskornas famn.
Så mänska inför mänskorna
var mänska er hunds gråt
inför varandra
och inför natten
hunds gråt.
Och hjärtan springer undan
minnet sparkar dig
men i tankens splittrors drabbning
som ett störtspel
under hand: och ej kan fånga
eller faller som en klubb.
Fra Där jag vet att du (1938)
La oss skjøne Tomas Espedal (klam klem)
08 Okt 2011 Kommenter innlegget
in ...meinar no eg! Merkelappar:forfattarflauser, kulturkjerringar, referansegrupper
Herregud, no har han gjort det igjen. Tomas Espedal. Han har sagt at om bøkene hans berre vart lesne av kvinner over 50, ville han slutte å skrive på dagen. Og kvinner i alle aldrar har rykka ut for å forsvare dei såkalla kulturkjerringane, seinast Karin Haugen i Bokmagasinet i dag. Det skulle berre mangle. Det er hårreisande udanna å seie slikt om dei som faktisk kjøper, les og beundrar bøkene dine.
Eg hadde ikkje tenkt å forsvare Espedal denne gongen, slik eg har gjort før. Eg kjente at eg vart fornærma sjølv, ikkje berre på vegne av eldre kvinner, men på eigne vegne, eg er trass alt snart 40; husmor, gift, konsulent i offentleg sektor og alt anna som er uspennande. Men så klarer eg ikkje å la vere likevel. Ikkje når eg tenkjer litt vidare.
For det første, og det er det same som eg har sagt før: Espedal er i det minste ærleg. At han er ærleg på ein urimeleg, utakknemleg og spissformulert måte er ikkje sympatisk i vanleg kommunikasjon. Men det er denne kompromisslause haldninga som gjer bøkene hans interessante. Så kan vi gjerne be han endre personlegdom når han forlet skrivebordet og skal bli intervjua, men vi får ikkje bli for overraska om det ikkje lar seg gjere.
For det andre, og det er det viktigaste punktet: Kva er det han eigentleg seier? La meg overføre hans logikk til min eigen situasjon: Eg skriv bokmeldingar i Dag og Tid, ei avis som truleg har landets eldste og mest maskuline lesarkrins. Det gjer ikkje meg noko. Men kva om eg fekk vite at ingen kvinner, verken litteraturstudentane i tjueåra, venninnene mine frå lesesirklar, kvinnelege kritikarkolleger, forfattarar eller forlagsredaktørar i tredve- og førtiåra, eller dei kulturinteresserte kvinnene på 50+, at ingen av desse syntes det eg skreiv var interessant, relevant eller godt skrive? Eller, la meg seie: Om eg berre vart lesen av menn over 50? Eg hadde blitt lei meg, og prøvd å finne ut kva eg gjorde feil. Ein meir spissformulert retorikar ville sjølvsagt ha sagt at han hadde slutta å skrive på dagen. Det handlar altså om referansegrupper, at det er viktig å vere i kontakt med dei ein reknar som naturlege samtalepartnerar. Det treng ikkje å vere til forkleinelse for andre grupper.
Espedal klarar seg sjølv, og eg er eigentleg ikkje så oppteken av at han skal bli ytt rettferd, men eg likar å skjøne kva det er som foregår og setje utsegner i perspektiv. Og det er jo trass alt eit idiotisk, hypotetisk scenario vi snakkar om her. Så, kvinner, la oss fortsette å lese middelaldrande mannlege forfattarar i den grad vi har glede av det. Det er jo moro å prøve å skjøne dei, er det ikkje?
Har du en tå
23 Aug 2011 Kommenter innlegget
in fine dikt Merkelappar:kjærleik
Etter hendingane som har ramma mange svært hardt i sommar, vil eg gjerne dele eit av dei vakraste kjærleiksdikta eg veit om. Eg syntes det var nydeleg før òg, men då eg fekk born, fekk diktet ein ny dimensjon for meg. Legg merke til at det er delt i to: Første strofe er i notid, mens den andre er i fortid. For mange er det saknet som no vil prege kvardagen.
Har du en tå
att den er din
din egen
jag ser på dig
och längtar att du kommer.
Jag trodde att din fot, att gjord för mig
dina händers finger hört till mig
och ditt anlet bar sin doft för mig
jag strök ditt hår.
Gunnar Björling, Där jag vet att du (1938)
How public, like a frog
12 Jun 2011 Kommenter innlegget
in fine dikt
Det er tidleg formiddag, og eg ventar på at hagesenteret skal opne, vi treng noko til hagen. Mannen min rettar eksamenar og høyrer på Bob Dylan. Eg merkar meg at den unge Dylan hadde ei nasal stemme svært lik Ray Romano i komiserien Alle elsker Raymond, eg må seie alderen kom godt med i den artistkarrieren.
Vi har ungefri denne helga, og det som på fredag verka som eit hav av tid til å få gjort alt mogeleg, og i tillegg slappa av og kanskje tatt ein tur på byen, har no skrumpa inn til nokre få gjeremål. Hittil har eg fått unna nokre klesvaskar, handla småting til familien og lese ei bok eg eg ikkje hadde noko spesielt ønske om å lese, men som eg må vurdere som del av juryarbeidet for Aschehougprisen.
I går hadde eg store tankar om alle dei spennande tekstane eg vil skrive, men i dag veit eg ikkje lenger; kor skal eg starte, og er det ikkje eigentleg for mykje arbeid? Så begynte eg å tenke på denne trangen til å formidle kva ein tenkjer til andre, og assosiasjonane gjekk raskt til eit dikt av Emily Dickinson og spesielt formuleringa de ser i overskrifta. Eg har alltid lurt på kva det er som er så spesielt offentleg med froskar. Men eg trur eg skjønar det no; i Massachusetts, kor Dickinson budde og knapt forlet rommet sitt, kvekka sikkert dei parringslystne froskane dag og natt i heile juni. Ja, omtrent slik nokre av oss kvekkar i veg på Facebook, Twitter og eigen blogg …
Men om Dickinson levde i dag, ville ho kanskje hatt ein blogg for dikta sine? Det lille som blei publisert medan ho levde, blei redigert og endra av redaktørane hennar, men det som vart utgjeve posthumt er slik ho skreiv det opprinneleg, og det var det som var nyskapande og trendsetjande for seinare poetar. Hadde ho hatt internett, ville ho hatt full kontroll over kva ho sende frå seg. Eg trur Emily Dickinson ville ha blogga, men – kanskje anonymt. Her er diktet:
I’m nobody! Who are you?
Are you nobody, too?
Then there’s a pair of us — don’t tell!
They’d banish us, you know.
How dreary to be somebody!
How public, like a frog
To tell your name the livelong day
To an admiring bog!
Kultur(e)liten
30 Mai 2011 Kommenter innlegget
in litt sånn der... Merkelappar:kultureliten
Eliten – eg?
Langt ifrå.
Liten er eg, men eg fyller mi kritiske rolle frå øverst til nederst. Eg blir meir og meir kritisk, før gjekk eg for å vere ein såkalla sympatisk lesar, men eg har visst surna med åra, kultur kan gjere det med meir enn mjølk, eg håpar det kan kallast å bli kultivert, der er vel meiningane delte. Rolla mi er i alle høve kritisk, og kritikken er viktig, men ikkje min person.
Eg er ingen kulturredaktør med digert, glitrande nettverk, berre ein liten kulturaktør. Mine nettverkstrådar går berre på langs frå kritikar til kritikar og ikkje på tvers til andre delar av kulturbransjen, og feite fluger som den glinsande svarte prestisjen eller dei kjappe, blanke pengane lar seg ikkje fange i slikt nett.
Men sidan eg verken har sterk evne eller sterk vilje til å skaffe meg prestisje og pengar, kva er vel då betre enn at sjølve mangelen på desse styrkar posisjonen min som uavhengig kritikar? Integritet er viktig for meg, kanskje fordi integriteten har blitt mi største ære. Som frittgåande kritikar, eigd av ingen, får eg vere meg, og mine svake sider kan nesten bli sett som styrke. Eg er ein naturleg outsider, utan evne til fraternisering, kritisk til alt og alle og spesielt meg sjølv, det er ei plage, men når eg har ei kritisk rolle å spele, når eg får vere saltet i den litterære andedammen, for å blande metaforane godt og grundig, så er det ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Tilstanden er kritisk, men stabil.
I tillegg til forfattarane, journalistane, forleggjarane, byråkratane og redaktørane har ein sjølvsagt dei redde aktørane, og den rolla kan vel rullere; nokre gongar er det ein motig kritikarmaur som sprer syra si over eit verk av ein kjent og elska forfattar, andre gongar er det ein debutant som ikkje veit kva ho er mest redd for: Å få boka si kvesta i avisene eller å bli oversett totalt. Kanskje til og med forlagsredaktørane er redde av og til – for kritikarane.
Alle er redde for noko, men redsla for å bli kalla elite ser det ut til at mange har sams. Eg var nyleg på kritikarseminar på Lillehammer, som for min del gjekk slik føre seg: Éin dag på stigande rus og to dagar i fritt fall til eit punkt langt nedanfor utgangspunktet. Slik vart det endå klarare at eg ikkje er elitemateriale: Det som kjenneteiknar den verkelege kultureliten er at dei kan jobbe heile dagen, drikke heile kvelden, prate heile natta og stille til frokost kl ni like blide, men ein smule bleike, før dei går for å halde foredrag for vanlege folk. I alle fall: Under ein slik frukost kom eg i snakk med ein person som etter mitt skjønn er soleklar kulturelite, men då eg spurte, viste det seg at han ikkje definerte seg sjølv slik, og hans første reaksjon var: Men hvis eg – så du også, vel! Å ville gå i flokk inn i eliten – det er vel like typisk norsk som alt anna.
Det er sjølvsagt forskjell på kva ein seier og kva ein tenkjer. Så la meg vere ærleg: Sjølv vil eg eigentleg gjerne vere del av kultureliten. Eg skulle ha brukt makta mi til å gjere godt. Men det er vel som med alt anna – og dette er så sjølvsagt at det er direkte kjedeleg å skrive: Kven som tilhøyrer kultureliten kjem an på definisjonen. Om ein definerer kultureliten ganske vidt, kjem eg sikkert med i den yste sirkelen. Men eg får ikkje meir av verken det eine eller andre av den grunn. Berre eit rykte på meg for å tru at eg er noko. Og skal ein først tru på noko, får ein sjå til å velgje noko meir sannsynleg enn det. Det frie markedet, eller helvete eller noko slikt.
Kritikarmakt utan profitt
22 Mai 2011 Kommenter innlegget
in ...meinar no eg! Merkelappar:habilitet, kritikk, makt, profitt
Forlagsmann Anders Heger har vekt merksemd med sitt personåtak på litteraturkritikar Cathrine Krøger etter at ho uttala seg kritisk om Cappelen Damms utgjevingar i kategorien ”chic lit”. Han går tydeleg inn for å undergrave hennar faglege autoritet. Sams for dei to er at dei er raske til å uttale seg og store i kjeften, men der Heger har kommersielle interesser å forsvare, får Krøger same løna om ho rosar eller risar. Ho er ein maktfaktor i norsk bokbransje, og tydelegvis eit hår i suppa for somme.
For ikkje lenge sidan var Krøger i konflikt med Juritzen forlag, som hadde trekt eit sitat ut frå samanhengen i bokmeldinga hennar, og brukt det til å marknadsføre ei bok Krøger var negativ til. Forleggjar Arve Juritzen nekta for å ha gjort noko kritikkverdig. Verken Juritzen eller Heger ser ut til å vere redde for at det vil straffe seg å yppe til konflikt med den profilerte kritikaren Krøger, at ho kunne tenkjast å boikotte bøkene deira eller bli freista til å la sinnet påverke vurderinga av andre utgjevingar. Er det fordi dei undervurderar makta hennar, eller har dei faktisk stor tillit til hennar faglege integritet?
Norsk kritikerlag legg stor vekt på å verne habiliteten vår av faglege omsyn. Medlemmane i laget skal unngå både økonomiske, sosiale og emosjonelle koplingar til aktørar som blir påverka av korleis vi utøver kritikargjerninga. Slike bindingar er det vanskeleg for andre enn kritikaren sjølv å ha full oversikt over, men mitt inntrykk er at norske kritikarar tar habilitetsspørsmål på alvor. Det har hatt effekt. Kritikarprisane har høg presisje, og Kritikerlaget er ein etterspurt samarbeidspartnar fordi vi blir sett som garantist for fagleg integritet. Eit slikt rennomé vil ein kommersiell aktør vanskeleg kunne bygge opp sjølv med store marknadsføringsbudsjett, men Kritikerlaget har ingen slike budsjett: Vårt gode rykte er bygd av kvar einskild medlem som gjer godt arbeid og vernar om sin habilitet, og medlemmane tek kostnaden ved å arbeide mykje for dårleg lønn.
Vi sit i praksis på ein merkevare vi ikkje kan utnytte kommersielt utan å undergrave habiliteten som alt kviler på. Meirverdien av innsatsen nyt andre godt av: Avisene får billig og populært avisstoff og forlaga gratis marknadsføring. Norske kritikarar sponsar difor norsk kulturliv både med fagkunnskap og reine pengar. Vi er sjølvsagt ikkje heva over kritikk av den grunn; at kritikk er skjerpande og naudsynt er vel få andre like overtydde om som oss. Men neste gong Anders Heger reagerer på utspel frå ein kritikar, oppmodar eg han til å diskutere sak, ikkje person.
Merete Røsvik Granlund, Leiar av arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon og bokmeldar i Dag og Tid.
Tidlegare publisert i Dagbladet 21. mai 2011. Ein lengre versjon er publisert på nettsida til Norsk kritikerlag.
Husmorblues
10 Mai 2011 Kommenter innlegget
in litt sånn der... Merkelappar:husarbeid
Denne grusomme sanninga gjekk opp for meg her om dagen: Husarbeidet tar aldri slutt. Arbeidslivet skal få ein ende (om enn seint, for dei av oss som er fødd på 70-talet), ungemaset skal tagna, men husarbeidet tar aldri slutt. Om vi ikkje konstant ber ting til sin rette plass, feiar, støvsugar, vaskar og pussar, så gror junglen igjen rundt oss.
Å føde barn gjorde meg akutt merksam på samanhengen mellom framveksten av nytt liv og forfall. Då magen var som størst, hadde eg ei viss glede av å få sjå korleis den innerste kroken i navlen min såg ut, sjølv om han var omtrent som ein kunne vente. No har eg eit sterkt ønskje om at han skal forsvinne ut av syne igjen.
I huset går verknaden andre vegen: Når eg lar huset forfalle, det vil seie ber, feiar, støvsugar, vaskar og pussar for lite, så veks nytt liv fram, om enn i langt mindre sjarmerande former enn mitt eige avkom. Edderkoppar, til dømes, eller dei små snigleliknande uvesena som sklir panisk mot næraste sprekk når eg skrur på lyset på badet om natta. Det har enno ikkje gått så langt at faktisk vegetasjon har rekt å etablere seg innomhus, men eg ser teikninga: Om eg ikkje konstant held rydninga vår ved like, krev jungelen plassen attende.
Det finst to måtar å gjere husarbeid på: Den Einaste Fornuftige Måten (eller nazi-regime, som eg gjerne seier), eller den gode, gamle Skippertaksmetoden. Ja, no lurer de vel på kva for ein eg sjølv svergar til … Det er ulemper og føremoner med begge. Den første inneber at ein alltid ryddar ting på plass med ein gong ein har brukt dei, og at ein vaskar regelbunde så rotet og skiten aldri rekk å setje seg. De veit kva det vil seie? Jo, å alltid rydde, heile tida. Å ikkje slappe av før alt er på plass i hyller og skap. Det vil seie at du kanskje rekk ein halvtime på sofaen eller framfor datamaskina før leggetid. Det er ei føremon med denne måten: At det er ryddig og reint i huset. Men det er også alt.
Skippertaksmetoden er for oss som ikkje vil gi slepp på draumen om at det er mogeleg å gløyme alt som heiter husarbeid eit par timar om gongen. Som likar å prate med gjestane mens dei er der, og ikkje etter at vi har rydda og dei snart skal gå. Ulempen med denne metoden er sjølvsagt at normaltilstanden ikkje er orden, men rot. Til dømes byrjar middagslaginga gjerne med at eg må rydde på kjøkkenet og vaske grytene eg treng. Når måltidet er slutt, er kjøkkenet like rotete som det var då eg byrja, og eg treng ein pause. Det er ein grunn til at Den Einaste Fornuftige Måten heiter akkurat det, men eg nektar å la draumen døy.
Eg skjønar godt menn som er skeptiske til kvinnefrigjeringa. Eg skulle sjølv gjerne hatt ei god, gammaldags kone som kunne lage fiskekaker frå botnen av – bokstaveleg tala, om ho var driftig nok – og gjort storreint til jul og 17. mai. Men vere henne? Gløym det. Mannen min skal ha mykje ros for innsatsen sin, men han er ikkje som ei god, gammaldags kone. Heldigvis, eigentleg. Vi treng lønnsinntekta hans. Og det han uansett aldri klarer, er å fjerne det vonde samvitet eg som dårleg husmor er dømt til av dei pripne husmorideala kulturen vår framleis dreg på. Så det er berre å knipe leppene og rumpeballane saman og brette og bere, stable og skure, i alle fall når vi ventar gjestar. Eg er ikkje så god til å ”think happy thoughts”, men sinte tankar gjer ofte same nytta når det gjeld å få tida til å gå.
Eg venner meg vel til det. De skal sjå at eg om 50 år sit i rullestol og gret mine bitre tårer fordi eg ikkje klarer å vaske badet sjølv lenger. Det får ein vel kalle livsløpsironi, i så fall. For husarbeidet tar visst slutt ein gong likevel, det er berre at då er det slutt på alt det andre, òg.
Tidlegare publisert i Dag og Tid.