Nok er nok!

Nok nok

Eit spørsmål til folket: Kva er nok?

– Nok er nok!

– Men … kor mykje er nok?

– Nok er nok!!

– Betyr det at vi har fått det vi treng?

– Vi treng ikkje dette!

– Så ingenting ville ha vore nok?

– Vi har fått nok, høyrer du!

– Men korleis veit ein når nok er nok?

– No er det nok!

– Men kva skjer no?

– Nok prat!

– Prat om kva?

– Nok om det!

– Om kva da?

– Nok nok!

– Kven der?

– Nok!!

– Nok kven?

– Noksagt!!

*vald med stum gjenstand*